Volda snudde til storseier mot Stavanger – Norsk Topphåndball
(Foto: Jon Forberg / Handball Today)

Volda snudde til storseier mot Stavanger

Det såg mørkt ut ein periode, men Volda Handball viste både styrke og karakter då dei gjesta nyopprykka Stavanger. Etter ein famlande start med skuddbom og tekniske feil, låg Volda bak med seks mål (14–8). Til pause stod det 19–15 til heimelaget, og mykje tyda på at dette kunne bli ein tung kveld for sunnmøringane.

Men etter ein pauseprat som må ha vore av den kraftige sorten, kom Volda ut som eit heilt anna lag. På kort tid var forspranget henta inn, og midtvegs i andre omgang stod det plutseleg 25–28 til bortelaget. Frå den stillinga tok Volda full kontroll, og gav seg ikkje før tavla viste ein komfortabel åttemålssiger, 31–38.

Storspel frå fleire profilar

Volda sin toppscorar vart Mie Stensrud, som med sine 12 fulltreffarar viste seg som eit konstant trugsmål for Stavanger-forsvaret. Dana Bjørg Gudmundsdottir leverte ein strålande kamp offensivt med ni mål, og vart fortent kåra til banens beste. Bakerst stod Natasja Kyndesen fram med ein redningsprosent på sterke 41, noko som la grunnlaget for snuoperasjonen.

Toppscorer med hele 12 mål, Mie Blegen Stensrud (Foto: Jon Forberg / Handball Today)
41 % redning i 40 minutter. Solid av Natasja Kyndesen (Foto: Jon Forberg / Handball Today)

Solid borteseier

Etter ein nølande førsteomgang fekk publikum sjå kva som bur i dette Volda-laget. Med disiplin, trøkk og kvalitet på begge endar av bana vart det til slutt ein oppvisning i korleis ein snur eit vanskeleg oppgjer til ein trygg triumf.

Volda tek dermed med seg to viktige poeng heim, og viser at dei kan handtere motgang – og likevel kome ut på toppen med stil. Fortsatt tabelltopp når vi går inn i årets første store motstand: Flint Tønsberg på heimebane førstkomande onsdag klokka 18:00. Dette er også Rosa Sløyfe-kampen, og vi oppfordrar alle til å møte i Rosa for anledningen til støtte for en viktig sak!