Ein tung dag på jobb for Volda – Norsk Topphåndball
(Foto: Jon Forberg / Handball Today)

Ein tung dag på jobb for Volda

Volda hadde ein bekmørk dag på jobb då Aker kom på besøk.

Lite stemde, sjølv om også bortelaget hadde litt rusk i maskineriet i starten. Halvvegs i omgangen skilde det kun to mål, 5-7. Derfrå og ut kampen tok Aker full kontroll, og periodevis leikte dei seg med heimelaget.

Til pause stod det 18–10 til Aker, og Volda måtte verkeleg håpe på ein skikkeleg snuoperasjon etter kvilen. Den kom dessverre aldri. Avstanden auka, og sluttresultatet vart til slutt stygt sett med Volda-auge. Til slutt lyste 29-42 mot publikum og skuffa spelarar.

Midt i det tunge fanst det likevel nokre lyspunkt. Ine leverte ein sterk kamp og scora sju mål. Helga tok godt i mot inne på linja og var sikker som banken frå sju meter. I 2. omgang var ho banens gigant og vart fortjent stemt fram som banens beste.

Kampen var også den siste for Marie i denne omgang, då låneopphaldet hennar no er over. Uheldigvis måtte ho av banen med skade. Vi takkar Marie for innsatsen i Volda-drakta og ønskjer henne ei rask og god betring – så håpar vi å sjå ho tilbake på parketten snart.

No handlar det om å riste av seg denne kampen og sjå framover. Neste moglegheit til å rette opp inntrykket kjem allereie neste helg, når Kjelsås gjestar Volda Campus Sparebank 1 Arena søndag 11. januar klokka 17.00. Då håpar vi på fullt trøkk – både på bana og på tribunen!