
Aud Ingrid Silseth tilbake i Volda
– Ein spesiell kamp å vende heim til
Når Volda Handball og Aker Topphåndball brakar saman i det som kan bli ein nøkkelkamp i opprykkskampen, er det spesielt éin spelar som får ekstra merksemd: Aud Ingrid Silseth. Før denne sesongen tok ho steget frå Volda til nettopp Aker – no kjem ho tilbake til gamleklubben som ein viktig brikke hjå opprykksrivalen.
Silseth fekk raskt tillit i Aker og har etablert seg som førsteval i laget. Samstundes har Aker melde seg på for fullt i toppen av tabellen, der dei saman med Flint Tønsberg og Volda knivar om den etterlengta direkteplassen til REMA 1000-ligaen.

For Volda blir dette ein kamp med både sportsleg og emosjonell dimensjon. Mange av spelarane kjenner Silseth godt, og publikum i Volda Campus Sparebank 1 Arena har sett henne utvikle seg gjennom fleire sesongar. No kjem ho tilbake – denne gongen som motstandar.

Opprykkskampen er tettare enn nokon gong, og kvart poeng kan bli avgjerande. Duellen mellom Aker, Flint og Volda blir følgt tett i handball-Noreg, og kampen der Silseth vender tilbake til Sunnmøre kan bli eitt av sesongens høgdepunkt.
For Silseth handlar det om å levere for laget sitt – på ein arena ho kjenner betre enn dei fleste. Men vi lovar det ikkje skal bli enkelt for verken Aud og Aker.
– Vi skal selje oss dyrt, og med opp mot 1000 tilskodarar i ryggen skal Volda-jentene gå All in i jakta på to poeng, lovar trenar Reidar Møistad. Lag frå heile Sunnmøre og Nordfjord har meldt sin ankomst, og vi trur Volda Campus Sparebank 1 Arena vil løfte taket i takt med prestasjonane på bana i morgon, søndag 4. januar klokka 17:30.