Volda – Norsk Topphåndball

Volda

Volda Handballklubb vart etablert i 1946 som undergruppe under Volda Turn og Idrottslag. Som ein konsekvens av klubben si toppsatsing i 2004, vart klubben etablert som sjølvstendig idrettslag i 2005 og har i dag ca. 350 aktive medlemer.

Ei langsiktig strategisk satsing starta med målsetjing om eliteseriespel 10 år etter. Det klarte vi ikkje, men gav aldri opp det målet.

Volda Handball er det første laget frå Sunnmøre som nokon sinne har kvalifisert seg til eliteserien i handball.

Vi såg fort at vi måtte legge til rette for å bygge eit kvalitetstilbod for unge handballtalent frå heile Sunnmøre og Nordfjord, slik at talenta kunne utvikle seg på «heimebane» og ikkje måtte flytte til andre delar av landet. Vi har gjennom desse åra fokusert på å bygge toppidrettskultur, bygge klubb, og få på plass ein arena for elitespel.

Volda Handball har dei tre siste sesongane vore stabilt etablert i toppen av 1.divisjon, og vore svært nær opprykk dei siste åra.

Tidspunktet for opprykk til REMA 1000-ligaen er kanskje optimal for oss no. Vår nye heimearena  står klar, og er blant dei beste i landet. Store deler av spelargruppa har vore med på ei lang reise mot eliteseriespel, og det er stor entusiasme i og rundt laget.

Volda handball har etablert «entusiast» sloganet som etter målretta merkevarebygging no nærast er synonymt med Volda Handball. Dette har alle engasjerte rundt klubben eigarskap i. spelarar, støtteapparat, sponsorar og samarbeidspartnarar, publikum og alle som er i berøring med klubben.  

Tett samarbeid med lokalt engasjert næringsliv og tilgang til allsidige studiar ved Høgskulen i Volda, gjer Volda Handball også attraktiv for dei som vil kombinere toppidrett og utdanning!

FORVENTNINGER

Vi i Volda gleder oss skikkelig til å få prøve oss i REMA 1000-ligaen denne sesongen. Klubben og jentene har lagt ned mye jobb de siste årene for å kunne delta på øverste nivå. Klubben og spillerne ser fram til mange spennende øyeblikk, og god erfaring i løpet av sesongen. Vi skal ikke bare være fornøyde med at vi i REMA 1000-ligaen. Vi skal også gjøre alt vi kan for å beholde plassen. Vi gleder oss til å få de store lagene på besøk til Volda og vi vet at publikum kommer til å ta godt imot alle lagene i ligaen.

Trener Halldór Stefán Haraldsson

PLASSERING SISTE FEM SESONGER


SESONGENS MÅLSETTING

  • Målet er å spele i REMA 1000-ligaen også neste sesong

NYE SPILLERE
Ingun  Ranes – Kongsvinger
Rakel Sara Elvarsdottir – KA/Þór
Emilia Giske – Ålgård
Dana bjørk Gudmundsdottir – Reistad
Margit Lidal – Ålgård
Jelena Terzic – Naisa, Niš
Hilde Søyseth – Follo HK
Helga Pedersen Lersveen – Nit-Hak

SPILLERE I AVGANG
Adine Andreassen

Andrea Jenset
Bintou Cissokho Bjørkedal
Hilde Sofie Rebbestad
Kristin Fladmark Skarbøvik
Roald Wiig
Maria Ulla
Thale Sandanger Veddegjerde

Terminliste sesongen 22/23 (volda.topphandball.no)

Klikk her for å komme til de andre klubbene