Os, Fana, Trondheim, Fana – Norsk Topphåndball

Os, Fana, Trondheim, Fana

23.september 2019 kunne vi lese i «Midtsiden» at «Då Fana i går tok imot Vipers Kristiansand, som vann serien førre sesong og tok 3. plass i Champions League, fekk keeper Eva Kristiansen frå Os debuten sin Rema 1000-ligaen (øvste nivå i norsk handball)».

Sjølv om dette blei debuten i Rema 1000-ligaen så var det på ingen måte Eva sin debut i Fana-trøya. Eva kom til Fana fra Os som 16 åring før sesongen 2012/2013. Og etter nokre år i Trondheim kom ho tilbake i tide til sesongstart 2019/2020.

Litt bakgrunnsstoff – Eva er fødd i 1995, begynte med håndball i Os og fortsette i Fana. Så vart det ein «studietur» til Trondheim før ho kom tilbake og busette seg på Apeltun.

Kor gammal var du da du fann ut at håndball var «di greie»?

 – Eg var vel rundt 10-11 då eg byrja, og fann ut at eg passa mykje betre til å kasta ball enn til å sparka den!

Kvifor blei det håndball?

– Eg hadde ei god venninne som støtt og stadig var i hallen og var veldig begeistra for å både spele sjølv og sjå kampar,  så kan ein vel seie at eg og vart «bitt av basillen»

Og målvaktsplassen – valgte du den eller valgte den deg?

-Vel, det gjekk seg vel til slik. Det var aldri åpenbart for meg at det var målvakt eg skulle bli. Samtidig hugsar eg at eg synest målvakten på damelaget til Os var så utruleg sjef der ho stod, og at eg godt kunne tenke meg å vere slik sjølv!

Når, og kvifor, gjekk du til Fana første gangen?

– Når eg gjekk til Fana før sesongen 12/13 hadde dei akkurat rykka opp til 1. divisjon. Kort sagt var det vel moglegheita til å prøve seg ein divisjon høgre som gjorde valget lett å ta. Eg har og alltid vore begeistra for treningskulturen i Fana, her er det folk som verkeleg tar i eit tak.

Iflg nevnte artikkel i «Midtsiden» har du også tidligare blitt trent av Erlend (Lyssand). Korleis var det å komma tilbake etter nokre år borte og fortsetta med Erlend som trener? 

– Kjekt! Erlend er ein dyktig trener!

Korleis var det å komme inn i temaet med Sofie (Ege) og Synna (Lien) og bli trent av Cecilie (Leganger) og Oddvar (Bjørnstad)?

–  Det er vanskeleg å beskrive det med eit anna ord enn fantastisk. Synna og Sofie er råe i alt dei gjer og er utruleg imøtekommande, heilt frå første stund. Cecilie og Oddvar øser av kunnskap og guts. Treningskvardagen i sesongen som har vore kunne umogleg ha vore betre.

Kampen mot Vipers, Sofie var sjuk og du stod klar for å bli kasta til ulvane?

Fra kampen mot Vipers i 2019. Foto: Bjørn Erik Nesse

For å ta det med journalistikkens mest tåpelige spørsmål: «Kva følte du» da du fikk beskjed om at du skulle vera med på kampen?

-Då Erlend ringde og sa eg skulle vera med så svarte eg vel først nei, det kom veldig uventa på! Då det sank inn var det bare spenning i heile kroppen fram til kampen var i gang.

Kommande sesong går du inn i teamet sammen med Sofie, korleis trur du det blir? Du har spelt 1.divisjon med Fana, du har rykka opp til 1.divisjon med Charlottenlund (og spelt ein sesong i 1. div med CSK). Korleis blir nivået i Rema 1000-ligaen sett opp mot 1.divisjon? Eller er «ein kamp ein kamp»?

– Eg trur eg og Sofie kan utgjere eit bra team, og eg gler meg veldig til å gå inn i sesongen som kjem i lag med ho. Nivået er nok sjølvsagt eit hakk opp, men eg trur at når dommaren blås i fløyta så er ein kamp ein kamp, og då er det berre å gje det ein har – det er i alle fall slik det har kjentes tidlegare!

For oss nysgjerrige – kva var det som gjorde at du gikk til Fana (igjen) da du kom heim fra Trondheim?

– Eg trur nok det er noko i meg som har sakna Fana heilt siden eg flytta. Samtidig visste eg at det var 2. divisjonslag i klubben, og eg håpa nok på at eg skulle få trene med elitelaget slik som eg har gjort.

Er det riktig forstått at du har vært innom aldersbestemt(e) landslag? Korleis var det?

– Det stemmer at eg har vore innom, ja, men nådde aldri heilt opp til å delta i dei store mesterskapa. Høgdepunktet i «landslagskarriera» mi var EYOF i 2011 i Trabzon. 

Kva gjer du på i det sivile livet ditt? Du er vel den einaste som jobbar utenom håndballen?

– I sesongen som gjekk kombinerte eg håndball og 100% stilling som softwareutvikler, denne sesongen vert det nok tilbake til skulebenken og praktisk-pedagogisk utdanning om alt går som eg har tenkt. Sjølv om det var mogleg å kombinere i fjor, så blir det nok ikkje det i år når det vert meir reising og kampaktivitet på meg – og det ser eg veldig fram til!

Da du reiste til Trondheim og studiar – vurderte du den gang å heller satse håndball eller var det lett å velge studiane?

– Eg hadde nok sett for meg at eg skulle «klare alt», og at eg ikkje ofra noko. Fyrste året på studiet spela eg med Fana  i fyrste divisjon og trente i Trondheim med Byåsen Bredde, då det året var over hadde eg tenkt å legge handballen på hylla heilt til Atle Johansen ringde frå Charlottenlund – det er eg utruleg glad for at han gjorde.

I skrivande stund er det Fana Elite sin håndballskule som har fokus, du er også observert på Fana IL sin Idrettsskole for dei aller yngste (3-7 år), er ei trenerkarriere noe du kan tenke deg?

– Det skjer nok ikkje med det første, men ein skal ikkje seie aldri. Det har vore veldig gjevande å kunne bidra på både handballskule og idrettsskule denne perioden.

5 år frem i tid, kvar er du da?

– Akkurat no ser eg kun på sesongen som står føre meg, så det får tida vise.

Vi gledar oss til sesongstart.