Høgt tempo i vente i Oslo! – Norsk Topphåndball

Høgt tempo i vente i Oslo!

Volda må nok ein gong vere på topp i møtet med vanskeleg bortemotstand. Denne helga er det Oslo-tur og Aker på motsett banehalvdel søndag.

Volda skriver dette på sine hjemmesider:

– Vi har spelt mot Aker nokre gonger dei siste åra då begge laga spelte i 1. divisjon, og det har alltid vore kampar med mykje tempo, minnast Volda-trenaren tidlegare oppgjer.

For Aker starta sesongen med to nokså klare tap mot Molde og Larvik, men sist helg tok laget ein sterk seier 38 – 29 mot Romerike Ravens. Kva trur Halli om sjansane til Volda i denne kampen?

– Vi møtte Aker i ein treningskamp i oppkøyringa i haust der Aker vann klart 36-25. Der såg vi at Aker har eit lag med mange gode temposterke spelarar i backposisjonane som dei kan rotere på. Dei held eit høgt tempo, og straffar motstandarane for kvar feil.

Å lukkast i angrep blir viktig for å hindre Aker i å nytte seg av det høge tempoet i ankomsten, fortel Halli. – Det blir viktig for oss å vere kloke i angrepsspelet, der vi brukar tid slik at vi kjem til gode sjansar og avsluttar skikkeleg på mål. Samtidig blir det som vanleg viktig at vi kan sette forsvarspelet vårt allereie frå starten av kampen, og bruke tempoet som vi har i laget til å skape nokre enkle kontramål.

Avkast mellom Aker og Volda i Oppsal Arena er søndag 25. september kl. 15.30. Vi gler oss til ei ny runde i REMA 1000-ligaen!

PS! Hugs at du kan sikre deg supporteravtale med TV 2 Play og sjå bortekampane der!