Helga Pedersen Lersveen tilbake til Volda

Tekst: Volda Håndball
29. juni 2022

Helga Pedersen Lersveen er tilbake i Volda handball. Etter ein sesong i 2. divisjon med Nit-Hak flyttar Stranda-jenta heim igjen og blir ein del av REMA 1000-liga laget dei to neste sesongane.

– Det er kjekt når dei lokale kjem tilbake til oss, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson.

– Helga har spelt 20 kampar med fyrstelaget til Volda handball, og endå fleire kampar på rekruttlaget. Ho var ei veldig viktig brikke i det laget som vann 3. divisjon for tre sesongar sidan. Ho er ein leiartype og har tidlegare hatt kapteinrolla på rekruttlaget.

Dei som har fylgt med Helga veit at ho både kan løyse back- og strekposisjonen i angrep. Ho er også ein god 3-ar og 2-ar i forsvar. For ein trenar er det viktig å ha spelarar som kan brukast i fleire posisjonar.

– Vi er veldig glade for at Helga har valt Volda handball når ho flyttar tilbake heim til Sunnmøre!